Velkommen til Granvin Kulturhus


Arrangement
For bestilling av billettar:

E-post:   post@granvinkulturhus.no
Telefon: 35 06 59 90
Online:  
Kjøp billetter på internett (utvalgte arrangement)

For å sjå på kommande forestillinger og andre arrangement, gå til
teater/konserter.

Kino
Gå til
kino for å sjå kva for filmar som kjem. Det er ingen førehåndsbestilling av kinobillettar.

 Velkommen til treningssentet. Sjå Sterkenils.no for mer info!

 

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommande arrangement:

Fredag 17.04.15 Kl.18.00

Kjell-Aksel rocker

Av Cecilie Enger. Dramatisert av Christine Stoesen.

 

Ein snauklipt rockemusikal for dei aller minste

 

Sauen Kjell-Aksel spelar i band og drøymer om å bli popstjerne. Saman med katten Arild og kalven Matros har Kjell-Aksel sitt eige band, Animal Farm. Dei øver i bakgarden til fru Fredriksen og lèt det rocke av låtar som Bæ, Bæ lille lam og Dyrene i Afrika.

 

Ein dag blir Kjell-Aksel hovudstups forelska i det nydelege jentelammet Iselin. Men kva skjer da mor Krøll-Lisa tvingar han til å gå til frisøren og klippe av den lange ulla, som han aldri i livet skulle klippe? Vil Iselin kjenne han igjen og synest at han er like kjekk?

 

Riksteatret lagar ein liten rockemusikal for dei aller minste basert på ei barnebok av Cecilie Enger, som også er kjend for romanen Mors gaver. Regien er ved Stein Winge. Ideen og konseptet er ved Christine Stoesen, som har vore ei drivkraft i Riksteatret si satsing på dokketeater. Ho har medverka i fleire av barneteatersuksessane til Riksteatret, som Karius og Baktus og Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans.

 

Varer: 35 minuttar (ingen pause).

Passar for barn frå 3 år.

Opplev meir:
Vi lærer deg å lage di eiga Kjell-Aksel-dokke med ting du har heime. Bli igjen i foajeen etter framsyninga, så får du sjå!

 

Urpremiere i Oslo, Nydalen 26. mars 
Turnépremiere i Kvinesdal 9. april


På turné våren og hausten 2015. Blir spelt på Oslo Nye Teater etter turneen.

 

 

Med Jørun Bøgeberg, Rolf Skoglund, Christine Stoesen, Linda Tørklep og Knut Wiulsrød.           

Av Cecilie Enger. Dramatisert av Christine Stoesen. Idé og konsept Christine Stoesen. Komponist og musikalsk ansvarleg Jørun Bøgeberg. Regissør Stein Winge. Scenograf Sunniva Bodvin. Kostyme- og dokkedesignar Christine Stoesen. Lysdesignar Torben Persen Jolma. Produsert av Riksteatret. I samarbeid med Oslo Nye Teater.

 



Les Mer

Billett bestilling 35 06 59 90 eller e-post granvin@kulturhus.no


Opningstider

Måndag - torsdag 07.00 - 22.00
Fredag 07.00 - 15.00
Laurdag ope ved arrangement
Sundag 15.00 - 21.00
Stengt dersom ikkje kino

 

Kva skjer i Seljord?

 
Bildelenker

Login | Copyright 2009 by It4you | Terms Of Use | Privacy Statement